Velkomen til HyeNett!

HyeNett har inga framtid

Etter å ha følgt “veksten” her på HyeNett ser eg at dette prosjektet ikkje har noka framtid.

Aktiviteten her på HyeNett vil derfor frå administrator si side ikkje vere stor framover.

Eg satsar no på å legge HyeNett bak meg, og utvikle ein splitter ny nettportal for Hyen. Denne portalen vil innehalde dei same funksjonane som Origo har, men køyre på ei anna platform.

De som brukar HyeNett må gjerne fortsette å bruke det, men hugs å bruke roperten, slik at folk på Fjordaglimt ser innlegga dykkar.

- Christian

Kan ikkje hyarane stole på Telenor?

I løpet av dei siste tre vekene har mobilsendaren på Mjellem i Hyen vore ute av drift 3 gonger. Sist helg var sendaren ute frå fredag føremiddag til langt ut på dagen måndag, og ingen må tru at dette var eit eineståande tilfelle. No er det på tide Telenor snart skjønar at det er slutt på tolmodet til kundane. Når ei feilmelding blir ringt inn fredag middag, og ein får til svar at feilen vil bli utbetra måndag, så er dette ikkje berre skandalaust dårleg service, det grensar til reinspikka maktarroganse, slik berre ei verksemd i ein monopolsituasjon kan tillate seg å operere. Kiwibutikkane behandlar kundane sin betre enn dette, Telenor!

Les meir…

Vil du prøve deg som journalist?

Då er det kanskje deg vi leitar etter! HyeNett har som mål å bli den beste nettportalen for Hyen, og vi vil prøve å dekke Friluftshelga 2010 så godt som mogleg.

For å klare det treng vi folk som deltar på dei forskjellege aktivitetane. Oppgåva blir å ta bilete, og skrive ei lita sak om kva som vart gjort, kor mange deltakarar osv.. Nærare info seinare.

"Spor på Jølstervann" og "Mystisk Dyr"

Folk i kunstbygda Hyen er velkommen til avdukning av “Spor på Jølstervann” og “Mystisk Dyr” lørdag 19 juni klokka 13 på Sanddalen ved Jølstervann. Tidligere forretningsmann og butikkmann Ingvald Hylderås har stilt vakkert areal ved Jølstervann til disposisjon.

Webkamera

er no oppe. Dette er eit midlertidig kamera, så det er ikkje sikkert bileta er ferske, dessverre. For å sjå tid og dato, høgreklikk på bildet.

Jobbar med å få opp eit Axis kamera. Axis er gode, og tilbyr livestreaming i tillegg til foto.

Gratulerer med dagen!

HyeNett ynskjer alle medlemar og besøkande ein flott 17. mai!

Gloppen Skulpturpark Byrkjelo

Velkommen til alle som ikke gidder å sitte hjemme og kjede seg eller traske rundt i flått og dyremøkk.

Hilsen Stig Eikaas

RSS-feed frå HyeNett

Profilprodukt - Friluftshelga

Dei fleste festivalar og arrangement rundt om i landet har profilprodukt som t-skjorter, pyntegjenstandar, brosjyrer osv..

Kvifor har ikkje Friluftshelga dette? Kva med å lage dette i framtida?

Lokale nettsider - DI meining!

Som mange veit driv eg med webutvikling. Eg har ein del kundar i Hyen, men det er berre 2 av desse som har operative nettsider – endå. (Nokre er under planlegging osv.)

For å få så brukarvennlege og gode nettsider som mogleg, tenkte eg å spør de som er på HyeNett om kva de syns.

Fine skiløyper i Austredalen

For dei som vil prøve skia i påska, kan det meldast om fine skiløyper i Austredalen. Her er det laga løyper med scooter og sporsetjar både til Aastøylen og Gjengedalstøylen. Tradisjonen tru var det mange som hadde funne vegen til fjells i dag,skjærtorsdag, til den årlege sportsandakten.

Biletet er frå Aastøylen skjærtorsdag, der Anne Berit Selle heldt andakt og Bertine Aa framførte vakre fløytetonar. Ei fin og høgtidsam stund i påskefjellet. Mobilfoto:Kari Vevatne

Nokre bilder ifrå dagens isfiske - litt høg vannstand (oppå isen) - elles ein fin dag :-)

Ny meny!

No er den nye menyen på plass!

Kva syns de om den?

Framtida til Hyen på internett

Hyen.com har vore oppe på nettet sidan år 2000. Den har hatt omtrent samme design sidan starten, og altså ikkje blitt oppdatert noke svært på designdelen. I det siste har det også vore slapt på innhaldsdelen.

Derfor fekk eg i februar 2009 idéen om å lage ei side for Hyen, her på origo.no, med moderne design og moglegheit for brukargenerert innhald, diskusjon, opplasting av bilder osv..

Ny reklame

Hang opp ein ny reklame på butikken i dag. Håpar denne får henge lenge, då eg såg den eg hang opp for 2 veker sida var tatt vekk!

Friluftshelga 2010

Eg treng forslag til å få mest mogleg oppmerksamheit rundt HyeNett under Friluftshelga 2010!

Har tenkt på konkurranse, med premiar, men det må i såfall vere ein vervekonkurranse. Då er eg redd det blir vanskeleg for meg å organisere..

Vogntog stod fast i brekka

(AVLYST) | FOTO-kurs på Hyen Skule

FOTOKURS

Oppdateringar

Har gjort litt endringar på sida.

Ein kan diskutere i begge foruma, men Nyhende er for nyhende, og andre ting som ikkje er retta direkte mot debatt.

Godt nyttår!

Godt nyttår til alle medlemar og besøkande! :-)

Velkomen til HyeNett!

Hyen.origo.no har no skifta navn til HyeNett. Frå no av er det (www.) hyenett.net som er nettadressa.

Nettadressa hyen.origo.no vidaresender deg automatisk til hyenett.net :-)

Hyen på Origo blir HyeNett

Ja, som de ser i overskrifta skal Hyen på Origo skifte navn til HyeNett.

Eg styrte lenge på med å utvikle Hyenett for eit år tilbake, men gav opp få eg oppdaga Origo.no.

Webkamera

Eg veit ikkje når Webkamera vil komme opp.

Kameraet er kome, og eg har alt nødvendig utstyr liggande. Dessverre har eg vore opptatt med jobb, så eg har ikkje vore i Hope i det siste.

HyeNett

Følges av 40 medlemmer.

- Nettsamfunn for Hyen, perla i Nordfjord.

Her kan du legge ut bilete og ikkje minst tekst. I kalendaren kan du skrive dersom du har eit arrangement du vil at folk skal kome på.

Trykk på Registrer deg øverst til høgre for å kome i gang!

NB! For å få best mogleg opplevelse på HyeNett må du bruke Opera eller Firefox som nettlesar. Internet Explorer vil ikkje gje ei like god brukaroppleving. Meir om sona

Origo HyeNett er en sone på Origo. Les mer

Webkamera


Webkamera i Hope

- – -

Vêret


- – -

Lokale nettsider

Lokale nettsider

Lokale nettsider

Lokale nettsider

Lokale nettsider

Lokale nettsider

Lokale nettsider

- – -

Fakta om Hyen

Wikipedia

NRK Fylkesleksikon om vegsambandet

NRK Fylkesleksikon om Straume i Hyen

Store norske leksikon

Annonse