Det var fint å sjå at hyarane har fått ei så flott plan for ei oppattnying av idrettsaktivitetane i bygda. Dei har løyst dei fleste problema på ein god måte.
Det er berre ein ting som står att: Har hyarane tenkt kva det kostar med kunstgrasbane? Å koma under 100 000 kr i vedlikehald pr. år, er mest umogeleg utan ein durabeleg innsats av dei frivillige, for skal ein få bana til å vare ein 12-15 år, må det betydeleg vedlikehald til. Ein god del ekstrautstyr må ein og skaffa seg, og det skal kostast og børstast. Og det er mest berre fotball som kann nytta kunstgrasbana.
Eg meinar det er flott at ein får ei fin bane i Hyen, men ein må og ta med kva det kostar å drive ei slik bane. De vert i så fall ikkje dei fyrste som kjem til å slita med utgiftene. Og tek ein ikkje vedlikehaldet alvorleg, kann det gå
med denne bana som i Førde, at det vert som å spele på betong, når gummiknottane vert skralla av.
Likevel. Lukke til!
Magnus Hope
Jølster