![]() | ||
Har gjort litt endringar på sida.
Det er no TO forum igjen, som begge er åpne for alle besøkande og medlemar. (Nyhende og Diskusjon)
Ein kan diskutere i begge foruma, men Nyhende er for nyhende, og andre ting som ikkje er retta direkte mot debatt.
Lagt til på høgresida:
- Vêrgadget fra yr.no
- Lokale nettsider
- Fakta om Hyen
Om de har fleire linkar, lokale nettsider, tips, ris og ros, eller savnar noke på sida, kommenter på dette innlegget!
Eg som “sjef” i HyeNett har som mål å lage den beste og mest brukarvennlege nettsida om Hyen, på verdsveven ;-)
- Christian
Kommentarar
Du utvikler siden gjennom prøving og feiling sakte men sikkert. Noe tid vil det nok ta før du har folket med deg. Men de kommer, ikke minst med den nye oppvoksende generasjonen. Setter pris både på din faglige kompetanse innen digifeltet, og ikke minst dine klare ambisjoner. Du får følge med på den “intime” lokale skulpturparken som er i emning nede ved kaia i Hyen sentrum. Columbus først ut. Mitt bidrag til Hyensamfunnet på godt og vondt er jo billedkunst. Godt nyttår hilsen Stig
Takk!
Godt nyttår :-)
Hadde vore fint om du la inn link til Hyen Idrettslag si heimeside: www.hyenil.no
Har du ein høgoppløyst logo? :-)
Ja eg har to variantar, ein som er kun logoen og ein som er det toppbanneret som vert brukt på heimesida deira. Dei vil helst at ein brukar sistnemde.
Å bruke sistnevnte vil eg helst ikkje gjere, då det å ta eit banner på 789px i bredde og skalere det ned til 300px ikkje vil sjå bra ut.
Om du har kun logoen, i minst 300 px bredde, kan du laste opp i grafikk-mappa i bildegalleriet :)
Eg har ein logo som er 160 × 175 px. Og banneret i 296 × 82px.
Eg kan laste opp begge så får du velge.
Ok. Banneret såg faktisk best ut.
Tok det som er på hyenil.no og skalerte ned i photoshop. Generelt tips med logoar; Lagre i PNG :)
Då mister ein ikkje kvalitet på dei, og dei blir ikkje kornete/uskarpe.
Ok, tusen takk :-)
Ser det ikkje har komt opp endå, vertfall ikkje her.
Har svært ustabilt nett no, og får ikkje gjort noke med det. (Er i Hope)
Men om det ikkje har komt opp endå, så jobbar eg med saka :)
Redigert: No skal det vere oppe.