Sei det med ropert
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (torsdag 28. januar). Les meir…

Framtida til Hyen på internett

Hyen.com har vore oppe på nettet sidan år 2000. Den har hatt omtrent samme design sidan starten, og altså ikkje blitt oppdatert noke svært på designdelen. I det siste har det også vore slapt på innhaldsdelen.

Derfor fekk eg i februar 2009 idéen om å lage ei side for Hyen, her på origo.no, med moderne design og moglegheit for brukargenerert innhald, diskusjon, opplasting av bilder osv..

Tanken var å få Hyarane til å engasjere seg i å få Hyen synleg på internett, og få dei til å vere med på å lage ei skikkeleg nettside for Hyen. Men, det viser seg at interessa ikkje er fullt så stor som eg hadde forventa. 30 medlemar på eit år er ikkje noke eg vil skryte av, sjølv om det er ein start. Eg har fleire gonger hengt opp reklame på Joker, utan at det har gitt noko stort utfall. Dette syns eg er veldig synd, men eg gir meg ikkje, og kjem til å fortsette med reklame, og det som må til for å åpne auga til Hyarane.(He-he)
Får sjå om annonsering i avis kan vere eit alternativ etter kvart..

Eg har sakte men sikkert prøvd meg fram med nettsida, og det at Hyen på Origo fekk ny identitet i 2010, då den navn til HyeNett trur eg er eit steg i riktig retning.

No jobbar eg med å lage ein grafisk profil for HyeNett. Den består for det meste av grønfarge, tekst med skygge osv.. Altså litt 2010, og ikkje 2000. Det håpar eg blir tatt godt imot :-)

Elles vil eg takke dei som må ha tipsa folk om sida, og sjølv om eg ikkje har nokon statistikk trur eg det har vore nokon klikk innom HyeNett, sjølv om det er få medlemar her.

Mitt håp er naturlegvis at HyeNett ein gong i framtida vil bli hovudside for Hyen!

Kva trur du? Kjem HyeNett til å ta over for Hyen.com?

- Christian

Kommentarar

Christian, eg beundrar pågangsmotet ditt og håpar at Hyesida her på Origo kan bli liv laga. Men eg trur eg vil driste meg til å kome med nokre råd, som eg slett ikkje veit om du vil setje pris på, men skitt la gå.. Eg trur ikkje det bør vere noko mål å “ta over” for andre, etablerte web-sider, som t.d. Hyen.com. Det bør vere plass til alle. Det fine med ei slik side, som denne på Origo, er at folk kan delta aktivt på ein heilt annan måte enn på ei vanleg “heimeside”. Men å administrere ei slik side når/dersom det vert stor aktivitet, set også store krav til den/dei som er vert for sida. Difor er det ikkje uvanleg at det er fleire personar som er med på å administrere desse lokalsonene.

Du har gjort ein flott jobb med å få sona i gang, og du har lagt mykje arbeid i layout osb. Ditt ungdommelege pågangsmot imponerer meg! Men det ser ut som om du slit med å få bygdefolket med deg. Kanskje vil det vere eit lurt trekk no å ta kontakt med leiaren i Utviklingslaget i Hyen, og prøve å få i gang eit samarbeid om vidare drift av sida. Kanskje Magnar H. som har drifta Hyen.com også kunne vere ein aktuell person å kome i dialog med. Hugs at han har god erfaring og er ein dugande skribent som vil kunne ha mykje å tilføre. Eg har tru på at desse to vil møte utspelet ditt positivt, og at de vil kunne få til noko bra ilag!! Å vere fleire om å dra lasset er alltid ein fordel.
Dette er mitt råd til deg, og det er velmeint. Lukke til!

Det er akkurat det som er problemet. Alle mine henvendelsar til Magnar Heimset virkar som blir ignorert, så då prøvar eg heller å gå min “egen vei”…

Å ha fleire med på å administrere sida har eg ikkje hatt behov for, endå. Det kjem etterkvart.

Elles takk for rådet :)

Jeg sier bare. Stå på uansett. Ikke forvent noe som helst. Bare stå på. I denne prosessen lærer du både data og psykologi som du uansett vil ha glede av resten av livet. At du har sløve hjemmesittere i ditt nedslagsfelt er ikke ditt problem. Du er en stayer og jeg gratulerer deg. Stig Eikaas

Takk takk :-)

Bra jobba, denne sona har jo blitt skikkeleg flott!

Ser forresten fram til webcam på Hope! Kjekt å ha når eg skal planlegge fisketur :)

Bra noken gledar seg til noke ved denne sona..

No ska du høre kvifor Webkamera ikkje har komt opp.

Eg sat og putla med det i romjula, og då rauk straumforsyninga. Sidan webkameraet er "spesial"bestilt frå Hong-Kong (!) så har eg ikkje tatt meg tid til å bestille ny straumforsyning.

Eg jobbar med saka, og skal gjere mitt beste for å få det opp før Mai/Juni!

Er mogleg eg må bestille nytt kamera, men det får vere så.. :-)

Jeg har kjempelyst til å gå til GJEGNEN sommeren 2010. Men tør ikke å gå alene. Hvis en som leser dette har lyst til å gå sammen med meg eller kjenner en som kunne tenke seg det så si i fra. Helst en som er vant til turgåing og fjellet.
Er selv en stabil turgåer. Men ikke fjellvant i så store høyder med bre osv.
Mvh Stig Eikaas

Då er vel Flora Turlag rett adresse, eg meiner dei har fleire turar dit, med erfaren turleiar.

Takk for tipset

Annonse