Forum: Nyhende | ||
Etter å ha følgt “veksten” her på HyeNett ser eg at dette prosjektet ikkje har noka framtid.
Aktiviteten her på HyeNett vil derfor frå administrator si side ikkje vere stor framover.
Eg satsar no på å legge HyeNett bak meg, og utvikle ein splitter ny nettportal for Hyen. Denne portalen vil innehalde dei same funksjonane som Origo har, men køyre på ei anna platform.
De som brukar HyeNett må gjerne fortsette å bruke det, men hugs å bruke roperten, slik at folk på Fjordaglimt ser innlegga dykkar.
- Christian
I løpet av dei siste tre vekene har mobilsendaren på Mjellem i Hyen vore ute av drift 3 gonger. Sist helg var sendaren ute frå fredag føremiddag til langt ut på dagen måndag, og ingen må tru at dette var eit eineståande tilfelle. No er det på tide Telenor snart skjønar at det er slutt på tolmodet til kundane. Når ei feilmelding blir ringt inn fredag middag, og ein får til svar at feilen vil bli utbetra måndag, så er dette ikkje berre skandalaust dårleg service, det grensar til reinspikka maktarroganse, slik berre ei verksemd i ein monopolsituasjon kan tillate seg å operere. Kiwibutikkane behandlar kundane sin betre enn dette, Telenor!
Då er det kanskje deg vi leitar etter! HyeNett har som mål å bli den beste nettportalen for Hyen, og vi vil prøve å dekke Friluftshelga 2010 så godt som mogleg.
For å klare det treng vi folk som deltar på dei forskjellege aktivitetane. Oppgåva blir å ta bilete, og skrive ei lita sak om kva som vart gjort, kor mange deltakarar osv.. Nærare info seinare.
Arbeidet er på frivilleg basis, altså ulønna.
Påmelding til meg via melding her på Origo, eller e-post: post@hope93.net
Folk i kunstbygda Hyen er velkommen til avdukning av “Spor på Jølstervann” og “Mystisk Dyr” lørdag 19 juni klokka 13 på Sanddalen ved Jølstervann. Tidligere forretningsmann og butikkmann Ingvald Hylderås har stilt vakkert areal ved Jølstervann til disposisjon.
er no oppe. Dette er eit midlertidig kamera, så det er ikkje sikkert bileta er ferske, dessverre. For å sjå tid og dato, høgreklikk på bildet.
Jobbar med å få opp eit Axis kamera. Axis er gode, og tilbyr livestreaming i tillegg til foto.
HyeNett ynskjer alle medlemar og besøkande ein flott 17. mai!
Vil du abonnere på RSS-feed frå HyeNett?
Gå til denne nettadressa og klikk abboner:
http://origo.no/-/excerpt/get/?kind=recent_bulletins&count=5&tags=&heading=520siste20@%20HyeNett&skip_heading=false&source_type=Workgroup&source_id=4308&output_as=atom
Om du brukar RSS-gadgeten i Windows må du gå til nettadressa ovanfor i Internet Explorer og legge den til der.
Klikk “Abboner på denne feeden”. Den vil då legge seg under Favorittar → Feeder.
For å få den opp i gadgeten må du høgreklikke på skrivebordet og velge Miniprogrammer → Feedoverskrifter.
For dei som vil prøve skia i påska, kan det meldast om fine skiløyper i Austredalen. Her er det laga løyper med scooter og sporsetjar både til Aastøylen og Gjengedalstøylen. Tradisjonen tru var det mange som hadde funne vegen til fjells i dag,skjærtorsdag, til den årlege sportsandakten.
Biletet er frå Aastøylen skjærtorsdag, der Anne Berit Selle heldt andakt og Bertine Aa framførte vakre fløytetonar. Ei fin og høgtidsam stund i påskefjellet. Mobilfoto:Kari Vevatne
No er den nye menyen på plass!
Kva syns de om den?
HyeNett har også fått ny logo, igjen.
Denne logoen har eg planar om at skal vere HyeNett-logoen litt lenger enn dei andre har vore..
Les meir på firda.no:
http://www.firda.no/nyhende/article4816223.ece