Hyen.com har vore oppe på nettet sidan år 2000. Den har hatt omtrent samme design sidan starten, og altså ikkje blitt oppdatert noke svært på designdelen. I det siste har det også vore slapt på innhaldsdelen.
Derfor fekk eg i februar 2009 idéen om å lage ei side for Hyen, her på origo.no, med moderne design og moglegheit for brukargenerert innhald, diskusjon, opplasting av bilder osv..
Eg treng forslag til å få mest mogleg oppmerksamheit rundt HyeNett under Friluftshelga 2010!
Har tenkt på konkurranse, med premiar, men det må i såfall vere ein vervekonkurranse. Då er eg redd det blir vanskeleg for meg å organisere..
Les meir på firda.no:
http://www.firda.no/nyhende/article4816223.ece
Hei – fekk du fotoapparat til jul?
Dersom mange nok melder seg på, blir det
FOTOKURS

Har gjort litt endringar på sida.
Det er no TO forum igjen, som begge er åpne for alle besøkande og medlemar. (Nyhende og Diskusjon)
Ein kan diskutere i begge foruma, men Nyhende er for nyhende, og andre ting som ikkje er retta direkte mot debatt.
Godt nyttår til alle medlemar og besøkande! :-)
Hyen.origo.no har no skifta navn til HyeNett. Frå no av er det (www.) hyenett.net som er nettadressa.
Ja, som de ser i overskrifta skal Hyen på Origo skifte navn til HyeNett.
Eg styrte lenge på med å utvikle Hyenett for eit år tilbake, men gav opp få eg oppdaga Origo.no.
Det var fint å sjå at hyarane har fått ei så flott plan for ei oppattnying av idrettsaktivitetane i bygda. Dei har løyst dei fleste problema på ein god måte.
Det er berre ein ting som står att: Har hyarane tenkt kva det kostar med kunstgrasbane? Å koma under 100 000 kr i vedlikehald pr. år, er mest umogeleg utan ein durabeleg innsats av dei frivillige, for skal ein få bana til å vare ein 12-15 år, må det betydeleg vedlikehald til. Ein god del ekstrautstyr må ein og skaffa seg, og det skal kostast og børstast. Og det er mest berre fotball som kann nytta kunstgrasbana.
Hei!
Har du gode bilete tatt ein vinter?
Har no laga ein ny plakat/lapp som reklame for Hyen på Origo.
Denne skal ikkje hengast opp før webkamera er på plass.
Eg treng forslag til ting som kan gjerast for å få ei betre side for Hyen på Origo.
Hittil har eg tenkt å:
- Sette opp webkamera som sender live 24/7 frå Hope. – Målet er å få det opp før jul (Leveringstid)
- Kanskje endre design på sida. (Dette gjer eg ved hjelp av min eigen CSS-kunnskap)
Olav Egge spør, som ein kommentar til eit bilde, om det heiter Straume eller Hyen sentrum. Det er ei interessant problemstilling som bør diskuterast nærare. Straume er opphavleg namnet på garden, men etterkvart som Straumsholmen har utvikla seg til eit bygdesenter, burde ein nok bestemme seg for kva senteret skal heite. Den gamle skulekrinsen heitte Straume krins og omfatta Holme, Å og Hope i tillegg til sjølve Straumsholmen. Vi dalingane sa alltid at vi skulle ned til sjøna eller ned på Hyen, aldri ned til Straume eller Straumsholmen. Kom igjen folkens, diskuter og kom med gode forslag. Det har aldri vorte bestemt noko eige namn på bygdesenteret i Hyen. Mvh Magnar
Dersom du har bilete frå Hyen, er det veldig flott om du lastar dei opp her i denne sona.
Kanskje nettopp ditt bilete blir tatt med i banneret øvst på sida? :-)
Friluftshelga i Hyen 2009 står for tur. Her kan du sjå på utstillingar, vere med i konkurransar og også prøve helikopter!
Velkomen til HyeNett – Nettsamfunnet for Hyen, perla i Nordfjord.
HyeNett er basert på Origo, og er ein av mange tusen soner i Origo-systemet. På HyeNett kan du laste opp bilete, diskutere saker, leggje ut nyhende, leggje ut arrangement i kalendaren, lage avstemningar eller du kan berre sjå om du vil det.
- Nettsamfunn for Hyen, perla i Nordfjord.
Her kan du legge ut bilete og ikkje minst tekst. I kalendaren kan du skrive dersom du har eit arrangement du vil at folk skal kome på.
Trykk på Registrer deg øverst til høgre for å kome i gang!
NB! For å få best mogleg opplevelse på HyeNett må du bruke Opera eller Firefox som nettlesar. Internet Explorer vil ikkje gje ei like god brukaroppleving. Meir om sona
HyeNett er en sone på Origo. Les mer